Hopp til innhold
X
Innhald

Etterklang

Etterklang i eit rom er lydbølgjer som blir reflekterte mellom tak, veggar, golv og andre flater og som gradvis døyr bort ved absorpsjon i flatene. Etterklangtida gir ein viktig karakteristikk av akustikken i eit rom. Ho blir definert som den tida det tek for ein lydpuls å minke til ein milliondel av sin opphavlege intensitet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011