Hopp til innhold
X
Innhald

Faststoff-fysikk

Faststoff-fysikk er den delen av fysikken der ein undersøkjer dei fysiske eigenskapane ved faste stoff, til dømes elastiske og plastiske eigenskapar, elektrisk og termisk leiingsevne, supraleiing, elektrolytisk leiingsevne og optiske eigenskapar. Faststoff-fysikken byggjer på atom- og kjernefysikk og undersøkingar av krystallstrukturar, og han har fått stor betydning for blant anna metallurgi, halvleiarteknikk og moderne stoffkjemi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011