Hopp til innhold
X
Innhald

Forbrenningsvarme

Forbrenningsvarme for eit stoff, det vil seie varmeverdi eller brennverdi, er den varmen som blir frigjord når ei viss mengd av stoffet brenn. Spesifikk forbrenningsvarme svarer til den varmen som blir utvikla når 1 kg av stoffet brenn. For tre er han 15 000 kJ/kg, for kol 30 000 kJ/kg og for bensin 50 000 kJ/kg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011