Hopp til innhold
X
Innhald

Foton

Foton. Den energien som elektromagnetiske bølgjer ber med seg, er diskretisert i «energipakkar», kalla foton eller lyskvant. Energien til eit foton er ifølgje kvanteteori (s.d.) bestemt av uttrykket E=h⋅f, der h er Plancks konstant og f den elektromagnetiske bølgja sin frekvens. Vi seier at den elektromagnetiske strålinga (s.d.) er kvantisert. Einstein forklarte den fotoelektriske effekten ved å anta at lys og anna elektromagnetisk stråling er kvantisert. Foton har relativistisk masse, men eksisterer berre ved lysfarten. Foton har såleis ikkje nokon kvilemasse og heller ikkje nokon elektrisk ladning.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 05.11.2012