Hopp til innhold
X
Innhald

Friksjon

Friksjon er den krafta langs berøringsflata mellom to lekamar som hindrar lekamane i å gli mot kvarandre – statisk friksjon – eller den krafta som hemmar den glidande rørsla – glidande friksjon. Årsaka til friksjon er elektriske krefter som verkar mellom molekyla i dei to flatene som rører kvarandre. Ifølgje Coulombs friksjonslov er friksjonskrafta uavhengig av storleiken på flata. Friksjonskrafta kjem fram når vi multipliserer normaltrykket mellom flatene med friksjonskoeffisienten. Han er ein særleg konstant for materialet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 05.11.2012