Hopp til innhold
X
Innhald

g

g er i fysikken symbol for tyngda sin akselerasjon. g er den akselerasjonen ein lekam får når han fell fritt, det vil seie at han berre er påverka av tyngdekrafta. g varierer med breiddegraden og høgda over jorda si overflate, til dømes er g 9,781 m/s² ved ekvator og 9,832 ved polane. g blir til vanleg sett til 9,8 m/s². Den definerte standardverdien for g (vedteken i 1901) er 9,80665 m/s².

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.11.2012
Sist oppdatert: 12.11.2012