Hopp til innhold
X
Innhald

Galvanisk elektrisitet

Galvanisk elektrisitet var det opphavlege namnet på berøringselektrisitet eller kontaktspenning. Når to forskjellige stoff – eller eit fast stoff og ei væske – kjem i kontakt med kvarandre, vil elektron eller ion frå det eine stoffet gå over på det andre stoffet slik at det oppstår ei elektrisk spenning mellom dei to stoffa. Galvanisk elektrisitet blei oppdaga av Galvani i 1780. Alessandro Volta oppdaga den elektriske straumen og konstruerte i 1800 det første elektriske batteriet. Han innførte nemninga galvanisme og galvanisk straum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.11.2012
Sist oppdatert: 12.11.2012