Hopp til innhold
X
Innhald

Gass

Gass. Materien finst i forskjellige former eller aggregattilstandar. Ein lekam i fast tilstand, til dømes ein stein, har ei bestemt form og eit bestemt volum. Ei væske har eit bestemt volum, men inga sjølvstendig form, ho formar seg etter den gjenstanden der ho blir oppbevart. Eit stoff i gassform har verken bestemt form eller volum. Ein gass vil fylle ut det rommet han er til stades i.
 
Lufta er ei blanding av gassar. Ein gass er samansett av molekyl som rører seg fritt og som inneheld eitt eller fleire atom. Molekyla beveger seg med stor fart. Ved 20 °C beveger molekyla i vanleg luft seg med ein fart på 500 m/s. Molekyla kolliderer med kvarandre og med veggane i den behaldaren der gassen er. Middelfarten hos molekyla er eit mål på temperaturen på gassen. Jo raskare molekyla beveger seg, desto høgare er temperaturen på gassen. Når molekyla støyter saman med veggane som omgir gassen, resulterer det i eit visst trykk. Samanhengen mellom trykket, volumet og temperaturen hos ein gass kan uttrykkjast i forskjellige gasslover.
 
Gass i naturen blir ofte kalla naturgass. Naturgass blir danna i sedimentbasseng ved omdanning av organisk materiale, særleg plantar, ved temperaturar over 100–130 °C. Hovudelementet i naturgass er oftast metan (CH₄), men etan, propan og butan førekjem også. Ved temperaturar over 160–170 °C i lang geologisk tid vil olje gå over til gass (cracking). Gass kan også bli danna på grunt djup (grunn gass) i sediment ved bakteriell nedbryting av organisk materiale.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.11.2012
Sist oppdatert: 12.11.2012