Hopp til innhold
X
Innhald

Hysterese

Hysterese tyder i fysikken etterslep eller forseinking. Når verknaden av eit varierande magnetfelt på eit magnetisk stoff opptrer forseinka, blir det kalla magnetisk hysterese.
 
Når elastiske stoff blir strekte eller deformerte av varierande krefter, kan det også finne stad etterslep i formendringane av stoffet. Dette blir kalla elastisk hysterese.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013