Hopp til innhold
X
Innhald

Idealgass

Idealgass, ideell gass, er ein tenkt gass som følgjer dei enklaste gasslovene under alle vilkår. Det verkar til dømes ingen krefter mellom molekyla i ein idealgass.
 
Trykket p, volumet V og den absolutte temperaturen T for ein idealgass er avhengige av kvarandre etter formelen pV/T = konstant, som blir kalla tilstandslikninga for ein idealgass.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013