Hopp til innhold
X
Innhald

Induktans

Induktans, induktivitet, er nemninga på motstanden mot vekselstraum i spolar. Induktans er det same som induktiv reaktans. Endringar i straumen lagar endringar i magnetfeltet, som dermed induserer ein motstraum i spolen; sjølvinduksjon.
 
Effekten av induktansen er proporsjonal med sjølvinduksjonen til spolen, som igjen er bestemt av lengda, tverrsnittet og viklingstalet til spolen. Induktans blir målt i henry, H.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013