Hopp til innhold
X
Innhald

Influensmaskin

Influensmaskin er ein elektrisk maskin som verkar ved elektrostatisk induksjon. Ein influensmaskin har ei fast og ei roterande skive av eit isolerande materiale (glas, ebonitt og liknande) påsette radialstilte segment av leiande material. Ved rotasjon blir det indusert ladningar i dei roterande segmenta. Ein influensmaskin kan gi spenningar på vel 100 000 volt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013