Hopp til innhold
X
Innhald

Infralyd

Infralyd er lydbølgjer i området 2–20 Hz, som er lågare enn det som normalt blir oppfatta av det menneskelege øyret. Ein kan høyre infralyd, men han blir for det meste opplevd som vibrasjonar, trykkvariasjonar, susing eller liknande. Infralyd kan gi ubehag og belastningar, spesielt viss lyden er sterk. Viktige kjelder til infralyd er til dømes maskinar og transportmiddel. Infralyd blir lite dempa, og han kan som regel berre reduserast ved endring av sjølve kjelda.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013