Hopp til innhold
X
Innhald

Interferens

Interferens. I punkt der fleire bølgjer passerer samtidig, vil utslaga på bølgjene bli adderte. Fenomenet heiter overlagring. Bølgjene kan forsterke kvarandre og gi bølgjetoppar (konstruktiv interferens), eller dei kan motverke kvarandre (destruktiv interferens). Interferens kan observerast ved til dømes bølgjer i vatn, men også i særlege eksperiment med lys, noko som viser lyset sin bølgjekarakter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013