Hopp til innhold
X
Innhald

Internasjonal atomtid

Internasjonal atomtid, (TAI), er den mest nøyaktige tidsskalaen. Internasjonal atomtid byggjer på eit verdsdekkjande system av cesiumbaserte atom-klokker som sender signal inn til Det internasjonale byrået for tid (Bureau International de l'Heure, BIH).
 
Internasjonal atomtid har vore tilgjengeleg sidan 1955. Internasjonal atomtid blei 1.1.1972 innført som internasjonal tidsskala, det vil seie at tidsskalaen blei internasjonalt grunnlag for å innstille alle offentlege og private klokker.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013