Hopp til innhold
X
Innhald

Kinetisk gassteori

Kinetisk gassteori er ein teori som beskriv eigenskapar ved gassane. Kinetisk gassteori går ut frå at all gass er samansett av ei uhyre stor mengd molekyl som beveger seg i rettlinja banar til dei støyter saman med andre molekyl, noko som får dei til å bevege seg i andre retningar. Farten er svært høg ved vanleg trykk og temperatur, og den gjennomsnittlege frie banelengda er tilsvarande kort.
 
Oksygenmolekyl i luft med temperatur 0 °C og trykk 1013 mb har såleis ein fart på 393 m/s og ei gjennomsnittleg fri banelengd på 10,59 milliondels cm.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013