Hopp til innhold
X
Innhald

Kirlianeffekten

Kirlianeffekten er eit svakt lysfenomen som oppstår ved kraftige, ofte høgfrekvente elektriske felt i luft. Kirlianeffekten er observert rundt biologiske lekamar, og han kan fotograferast. Somme ser på effekten som noko overnaturleg, noko i retning av ei avbilding av «auraen» til ein lekam. Kirlianeffekten blei oppdaga av den sovjetiske forskaren Semjon Kirlian.
Kirlianffekt fotografert på myntar. CC BY.
Kirlianffekt fotografert på myntar. CC BY.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013