Hopp til innhold
X
Innhald

Kokepunkt

Kokepunkt er den temperaturen når damptrykket i ei væske er så stort at det overvinn gasstrykket over væska pluss trykket av væska på den staden der dampbobla blir danna. Når bobla stig i væska, blir trykket mindre og bobla utvidar seg. For vatn er kokepunktet ved 1 atm. («1 atmosfæres trykk», lik 1013 mbar) 100 °C.
 
 
Kokepunkt. Foto: Scott Akerman, flickr.com CC BY 2 0
Kokepunkt. Foto: Scott Akerman, flickr.com CC BY 2 0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013