Hopp til innhold
X
Innhald

Kommutator

Kommutator (frå latin commutare, bytte om) er ein straumvendar som tener til å byte om leidningane til ein straumkrets så straumen i denne kretsen blir snudd. Kommutatorar blir til dømes brukte i elektriske motorar for å få dei til å gå rundt og i generatorar for å få ut likestraum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013