Hopp til innhold
X
Innhald

Komplementaritetsprinsippet

Komplementaritetsprinsippet i fysikken går ut på at visse fenomen i naturen har to eigenskapar som ikkje kan observerast samtidig. Dei blir kalla komplementære. Nøyaktig undersøking av den eine eigenskapen ekskluderer samtidig opplysningar om den andre eigenskapen.
 
Prinsippet blei formulert av Niels Bohr i 1928. I Heisenbergs usikkerheitsrelasjon er det gitt eit kvantitativt uttrykk for prinsippet. Det mest kjende dømet på eit slikt fenomen er lyset, som kan beskrivast anten som bølgjerørsle eller som partiklar, men begge desse eigenskapane kan ikkje observerast i same eksperiment.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.08.2013
Sist oppdatert: 27.08.2013