Hopp til innhold
X
Innhald

Konkav

Konkav (frå latin concavus) tyder innhol eller innbøygd. Konkav blir særleg brukt om linser, til dømes brilleglas, som er tynnast på midten. Tilsvarande er ei kurve konkav dersom ein vilkårleg korde til kurva ligg under den delen av kurva som er avgrensa av korden. Det motsette av konkav er konveks.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.08.2013
Sist oppdatert: 28.08.2013