Hopp til innhold
X
Innhald

Kvileenergi

Kvileenergi. Ifølgje relativitetsteorien er energi og masse proporsjonale etter uttrykket E = mc², der c er lysfarten. Ein lekam i fart har kinetisk energi (rørsleenergi). Ifølgje relativitetsteorien har lekamen også større masse enn når han er i ro. Er lekamen i ro, har han kvilemasse m₀ og ein tilsvarande kvileenergi som er E₀ = m₀c².
 
Totalenergien for ein lekam i fart er summen av kvileenergi og kinetisk energi.


Først publisert: 28.08.2013
Sist oppdatert: 28.08.2013