Hopp til innhold
X
Innhald

Lumen

Lumen, med symbol lm, er i SI-systemet eining for lysstraum. Ei punktforma lyskjelde med jamn utstråling i alle retningar med ein lysstyrke på 1 candela sender ut ein lysstraum på 1 lumen i romvinkelen 1 steradian.
 
Lumensekund, med symbol lms, er den lysmengda som blir sendt ut av ein lysstraum lik 1 lumen i løpet av eitt sekund.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.08.2013
Sist oppdatert: 28.08.2013