Hopp til innhold
X
Innhald

Lydbølgjer

Lydbølgjer er små fortettingar og fortynningar av stoffet som lyden breier seg i, og som lagar trykkvariasjonar, som i luft kan vere opptil ein milliondel av atmosfæretrykket. Desse trykkbølgjene sett trommehinna i rørsle når dei treffer øyret. Lydbølgjene må ha stoff å breie seg i; derfor er verdsrommet lydlaust. Bølgjefarten i luft ved vanleg temperatur er 330 m/s, i vatn 1,5 km/s, i tørt tre 3,5 km/s og i metall 4–5 km/s.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.08.2013
Sist oppdatert: 28.08.2013