Hopp til innhold
X
Innhald

Målsystem

Målsystem, eigentleg einingssystem, fanst ikkje i moderne tyding av ordet før omkring midten av 1800-talet. Det var dels den naturvitskaplege forskinga, dels den aukande handelen og industrialiseringa som gjorde det nødvendig å finne fram til einingar som var nøyaktige, praktiske og tenlege i alle kulturområde.
 
Den tyske matematikaren Gauss innførte i 1832 eit einingssystem bygd på lengd, masse og tid. Saman med fysikaren W.E. Weber foreslo han i 1851 å bruke einingane millimeter, milligram og sekund (det gaussiske systemet). Noko seinare vann CGS-systemet alminneleg tilslutning, bortsett frå i engelsktalande land, der foot–pound–second-systemet festna seg.
 
I 1901 foreslo den italienske fysikaren Giovanni Giorgi (1871–1950) forløparen til SI-systemet. Det tok likevel nesten eit kvart hundreår før SI-systemet slo gjennom. Det blei offisielt innført i Noreg ved kongeleg resolusjon 19.6.1977.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 05.11.2012