Hopp til innhold
X
Innhald

Meson

Meson er elementærpartiklar med større masse enn elektron og mindre enn proton. Meson har kort levetid (mindre enn 1 milliondels sekund), og dei er knytte til det kraftfeltet som bind partiklane i atomkjernane saman. Eksistensen av mesona blei føresagt av Yukawa i 1935, og dei blei påviste i 1947.
 
I 1948 blei meson for første gong produserte i laboratorium med høgenergiakseleratorar. Dei blir danna når to nukleon med tilstrekkeleg energi støyter mot kvarandre. Alle meson er ustabile.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2013
Sist oppdatert: 29.08.2013