Hopp til innhold
X
Innhald

Ni-Fe-akkumulatoren

Ni-Fe-akkumulatoren (Edison-akkumulatoren) har ein positiv pol av nikkeloksid og ein negativ pol av jernoksid eller finfordelt jern. Dei står i ei 20 % kalilut-oppløysing. Spenninga på kvar celle er ca. 1,2 volt. Ni-Fe-akkumulatoren er meir robust enn blyakkumulatoren, han toler kraftige utladingar og kan stå lenge utan opplading.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2013
Sist oppdatert: 29.08.2013