Hopp til innhold
X
Innhald

Parallakse

Parallakse (frå gresk ombyting). Parallakse er  ei nemning for ein feil som kan oppstå ved avlesing av instrument, fordi synslinja ikkje står loddrett på skalaen. 

Parallakse er også forandring i retninga til eit objekt som skuldast at observatøren forandrar posisjon, eller vinkelen mellom to synslinjer til same mål.
 
I astronomien bruker ein parallakse om det fenomenet at når ein himmellekam blir observert frå ein stad på jorda, endrar plasseringa seg stadig fordi observasjonspunktet flyttar seg i rommet. Flyttinga skuldast jorda sin rotasjon om sin eigen akse (dagleg parallakse), jorda si rørsle omkring sola (årleg parallakse) og solsystemet si rørsle gjennom rommet (sekulær parallakse).
 
Dagleg parallakse er vinkelen mellom observatøren si synslinje til ein himmellekam og linja frå himmellekamen til sentrum av jorda. Den daglege parallaksen er berre målbar for himmellekamar som høyrer til i solsystemet.
 
Sol-parallaksen er 8,8 bogesekund. Den årlege parallaksen for ei stjerne (eller berre parallaksen) er den vinkelen den midtre jordbaneradiusen (den astronomiske eininga) blir sett under frå stjerna. Jo mindre parallaksen er, desto større er avstanden. Ein parallakse på 0,1 bogesekund svarer derfor til ein avstand på 10 parsec.
 
Den nærmaste stjerna, Proxima Centauri, har ein parallakse på 0,765 bogesekund.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2013
Sist oppdatert: 29.08.2013