Hopp til innhold
X
Innhald

Permeabel

Permeabel (frå latin permeare, trengje gjennom) tyder gjennomtrengjeleg. I biologien og fysikken blir nemninga brukt om hinner og skiljeveggar som væske- og gassmolekyl kan diffundere gjennom. Det er av fundamental betydning for transport av stoff inn i og ut av celler i alle levande organismar at hinnene og veggane i dei er permeable.
 
Nemninga semi-permeabel blir brukt om hinner som slepp vassmolekyl og visse andre stoffmolekyl gjennom, men som stengjer for til dømes sukkermolekyl og aminosyrer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2013
Sist oppdatert: 29.08.2013