Hopp til innhold
X
Innhald

Potensial

Potensial. I fysikken er potensialet i eit punkt i eit gravitasjonsfelt eller eit elektrisk felt det arbeidet som må utførast på ei masseeining eller ei positiv ladningseining for å føre ho frå ein stad der potensialet blir sett lik null (nullnivå), og fram til punktet. I praksis angir ein som regel det elektriske potensialet i forhold til jord.
 
Spenning er den elektriske potensialforskjellen mellom to punkt. Elektrisk potensial og potensialforskjell blir angitt i volt. 

Potensial (frå latin potentia, makt) tyder også ressursar, det vil seie (ibuande) mogelegheiter.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2013
Sist oppdatert: 29.08.2013