Hopp til innhold
X
Innhald

Rad.

Rad.  Forkorting for radiation absorbed dose, absorbert strålingsdose, som er ei eldre eining som uttrykkjer tilhøvet mellom absorbert energi og absorberande masse. Eininga blei i 1953 definert slik at 1 rad er lik 100 erg/g lik 10⁻² joule/kg.
 
I SI-systemet er eininga for dose, gray, Gy, lik joule/kg (frå 1975); 1 rad er lik 1/100 gray og 100 rad er lik 1 gray. 

I SI-systemet er rad symbol for eininga radian.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2013
Sist oppdatert: 29.08.2013