Hopp til innhold
X
Innhald

Relativitetsteorien

Etter den spesielle relativitetsteorien blir vidare energi E, masse m og lysfart c bundne saman ved likninga E = mc².

Relativitetsteorien. Albert Einstein presenterte den spesielle relativitetsteorien i 1905 og den generelle relativitetsteorien i 1915.
Ved hjelp av den spesielle relativitetsteorien kan ein gi ei nøyaktig framstilling av korleis partiklar vil oppføre seg, sjølv når farten deira er svært nær lysfarten (c er lik 300 000 km/s).
Den spesielle relativitetsteorien er basert på to postulat:

1. at alle ikkje-akselererte observatørar kan betrakte seg sjølv som i ro (relativitetsprinsippet), og 2. at lysfarten i vakuum er konstant og uavhengig av rørslene til lyskjelda.
Den spesielle relativitetsteorien har som konsekvensar blant anna at lengda av gjenstandar som beveger seg med stor fart i forhold til ein observatør, verkar forkorta i rørsleretninga. Tilsvarande vil tida tilsynelatande gå langsamare på denne gjenstanden, sett i forhold til observatøren.
Etter den spesielle relativitetsteorien blir vidare energi E, masse m og lysfart c bundne saman ved likninga E = mc². Eit utal eksperimentelle testar har gitt resultat som stemmer med den spesielle relativitetsteorien.
Ved hjelp av den generelle relativitetsteorien kan ein beskrive uavgrensa sterke gravitasjonsfelt. I den generelle relativitetsteorien blir gravitasjon beskriven geometrisk ved at tidrommet som omgir ein massiv lekam, blir betrakta som krumt.
Den generelle relativitetsteorien har som konsekvensar blant anna at tida, sett i forhold til ein observatør på jorda, går langsamare langt nede i eit tyngdefelt, at lys blir avbøygd når det passerer eit sterkt gravitasjonsfelt («gravitasjonslinse», til dømes blir lyset frå stjerner avbøygd når det passerer nær sola), at svarte hol eksisterer, og at universet vårt må vide seg ut. Desse konsekvensane er stadfesta ved observasjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013