Hopp til innhold
X
Innhald

Singularitet

Singularitet (frå latin) tyder særdrag, noko eigenarta, særeigenheit. 
 
I fysikken er singularitet eit omgrep frå relativitetsteorien. Singularitet markerer eit punkt der krumminga av rom-tida er uendeleg, eller med andre ord: det har inga utstrekning og ein uendeleg tettleik. Relativitetsteorien seier at singularitet oppstår med  svarte hol. Når ei veldig massiv stjerne kollapsar, vil gravitasjonskreftene presse kjernen saman til eit punkt utan utstrekning, singularitet.
 
I matematikken er ein singularitet på ein graf eit punkt med spesielle eigenskapar, til dømes eit isolert punkt, eit vendepunkt eller eit spisspunkt. Ei likning kan ha ei løysing som skil seg frå dei normale løysingane, det vil seie ho har ein singularitet eller ei singulær løysing.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013