Hopp til innhold
X
Innhald

Smeltepunkt

Smeltepunkt er den temperaturen der eit fast, krystallinsk stoff går over i flytande form. Smeltepunktet er som regel det same som frysepunktet til stoffet. Det lågaste smeltepunktet av alle stoff har helium (–272,2 °C), det høgaste har wolfram (3380 °C).
 
Visse stoff (smør, glas) har ikkje noko smeltepunkt, men går innanfor eit visst temperaturområde gradvis over frå fast til flytande form

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013