Hopp til innhold
X
Innhald

Solenergi

Solenergi er den energien som blir overført frå sola til jorda i form av stråling frå sola. Det er den energien som (bortsett frå tidvatn, vulkanisme, jordskjelv) driv all verksemda på jorda og er den einaste energikjelda til livsprosessane.
 
Direkte blir solenergien utnytta av dei grøne plantane til oppbygging av næringsstoff (jamfør fotosyntese). Indirekte blir han utnytta ved brenning av ved og fossilt brensel (kol, olje, gass) og ved vass- og vindkraftverk.
 
Solceller. Foto: Peter Leth, flickr.com CC BY 2 0
Solceller. Foto: Peter Leth, flickr.com CC BY 2 0
 
 
Solenergi kan utnyttast både til oppvarming og til å produsere straum, anten ved hjelp av solceller eller i solvarmekraftverk (der solenergi blir utnytta til å produsere damp som driv ein turbin). Teoretisk er solenergiressursen langt meir enn stor nok til å dekkje verdas energiforbruk, men utnytting av solenergi har hittil vore for dyrt til å få stort gjennomslag. Størst betydning har bruken av solenergi i dag til oppvarming av tappevatn, blant anna i Middelhavsområdet og Japan, og til straumforsyning på stader langt frå kraftnett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 30.08.2013