Hopp til innhold
X
Innhald

Spesifikk

Spesifikk tyder særeigen eller spesiell. Spesifikk impuls er tilhøvet mellom skuvekrafta til ein rakettmotor og drivstofforbruket. Spesifikk leiingsevne er eit forelda namn på elektrisk  konduktivitet. Spesifikk motstand er eit forelda namn på resistivitet. Spesifikk varme, eigenvarme, er eit forelda namn på spesifikk  varmekapasitet. Spesifikk vekt, eigenvekt, er eit forelda namn på densitet, massetettleik.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013