Hopp til innhold
X
Innhald

Svart lekam

Svart lekam er ei innretning som absorberer all lys- og varmestråling, elektromagnetiske bølgjer av alle frekvensar, som treffer henne. Strålinga frå ein svart lekam blir kalla svart stråling og inneheld alle elektromagnetiske bølgjefrekvensar. Strålinga blir også kalla holromstråling og temperaturstråling. Denne eigenskapen finst ikkje hos noko stoff, men blir oppnådd nokså nært av ein liten opning i eit elles lukka kar med innvendig sverta veggar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013