Hopp til innhold
X
Innhald

Totalrefleksjon

Totalrefleksjon oppstår når ein lysstråle i til dømes vatn eller glas kjem så skrått mot grenseflata til luft at ikkje noko av strålen kan brytast og gå ut i lufta. Føresetnaden for totalrefleksjon er at det stoffet lysstrålen går frå, har større brytingsindeks enn det stoffet strålen blir broten mot. Totalrefleksjon blir utnytta både i prismekikkerten og i laser.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013