Innhald
Varme
Varme. I fysikken blir ordet varme brukt i tydinga energi som blir overført frå éin lekam til ein annan på grunn av at dei har forskjellig temperatur. I daglegtalen blir ordet brukt om område med høg temperatur. Då snakkar ein om høg indre energi i fysikken. Vi har tre former for varme: leiing, strøyming (konveksjon) og stråling. Varmemengder blir målte ved hjelp av kalorimeter.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013