Hopp til innhold
X
Innhald

Vekselstraum

Vekselstraum er elektrisk straum som periodisk skiftar retning i straumkretsen mange gonger i sekundet. Talet på periodar per sekund blir kalla frekvens. I Noreg og mange andre land blir det brukt tre-fase vekselstraum med frekvens 50 hertz i det offentlege straumfordelingsnettet. Spenninga i lokalnettet i Noreg har ein effektivverdi på ca. 230 volt.
 
I USA og Storbritannia bruker ein nemninga ac (alternating current).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013