Hopp til innhold
X
Innhald

Vekselverknad

Vekselverknad. I fysikken er det ei nemning for kraft, særleg i atom- og kjernefysikken.
 
Vi skil mellom fire vekselverknader: gravitasjonen, elektromagnetiske krefter, dei sterke vekselverknadene (kjernekreftene) som held proton og nøytron saman i atomkjernane, og dei svake vekselverknadene som styrer visse radioaktive nedbrytingsprosessar.
 
Protona og nøytrona består av kvarkar. Desse blir haldne saman av gluon ved sterk vekselverknad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2013
Sist oppdatert: 30.08.2013