Hopp til innhold
X
Innhald

Feitt

Feitt er varmeisolerande og eit energilager for kroppen. Vi kan dele feitt inn i metta, umetta og fleirumetta feitt.

Når vi i daglegtalen snakkar om feitt, meiner vi ei gruppe stoff som blir kalla triglyserid. Feittsyrene utgjer ein viktig del av triglyserida. Eit triglyserid blir danna av alkoholen glyserol og tre feittsyrer. Glyserol inneheld tre –OH-grupper, og kvar av desse gruppene har ei binding til ei feittsyre. Feittsyrer er lange kjeder med hydrokarbon med ei karboksylsyregruppe i den eine enden (–COOH) (sjå illustrasjonane 1 og 2 nedanfor). På grunn av karboksylsyregruppa blir feittsyrer rekna som organiske syrer.

Feitt inneheld mykje energi i forhold til si eiga vekt, og derfor bruker kroppen feitt som energilager. Kroppen har eigne feittceller med mykje feitt, særleg under huda. I tider med lite mat eller ved sjukdom er det viktig at kroppen har eit slikt energilager. Då hentar kroppen energi ved å dele opp (spalte) feittmolekyla i feittlageret. Feittlageret under huda vår er òg med på å halde kroppstemperaturen stabil.

Vi kan dele feitt inn i tre grupper: metta feitt, umetta feitt og fleirumetta feitt. Umetta feitt er feittsyrer med éi eller fleire dobbelbindingar i kjeda. Er det fleire dobbelbindingar i molekylet, kallar vi det fleirumetta feitt. Feitt som er flytande ved 20 ℃, til dømes feite oljar, inneheld umetta feittsyrer. Fleire av dei umetta feittsyrene er livsnødvendige (essensielle) for kroppen. Kroppen greier ikkje å produsere essensielle feittsyrer sjølv, men må få dei gjennom maten vi et.

Feittsyra omega‑3 (linolensyre) (sjå illustrasjon 3 nedanfor) er ei feittsyre som beskyttar oss mot hjarte- og karsjukdomar. Omega‑3-feittsyre har ei dobbelbinding mellom det tredje og fjerde karbonet rekna frå venstre, omega-enden. Omega-enden er den eine enden av molekylet, medan karboksylsyregruppa (–COOH) sit i den andre enden. Feit fisk og tran er rik på omega‑3. For at nervesystemet skal fungere, treng kroppen omega‑3-feittsyrer.

galleri

Du kan laste ned illustrasjonane og fritt bruke dei i skuleoppgåver og anna, mot å skrive kor du har henta dei frå. Krediter med: «Henta frå allkunne.no. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Trine Gravdal. Lisens: CC BY-ND 4.0». Last ned figur 1, figur 2 og figur 3.

Metta feittsyrer er feittsyrer med berre enkeltbindingar mellom karbonatoma. Fast feitt er feitt som er hardt og fast ved 20 ℃. Slike metta feittsyrer finst i kotelettar og anna raudt kjøt.

Vi kan dele feitt inn i grupper som er knytte til kjelda dei kjem frå. Frå dyreriket kjem animalisk feitt og frå planteriket vegetabilsk feitt. Animalisk feitt inneheld mest metta feitt, men fiskefeitt har òg ein del fleirumetta omega‑3-feittsyrer. Plantefeitt inneheld mest umetta feitt, og vi får det frå matoljar, til dømes soyaolje, maisolje og olivenolje.

Feitt har ei rekkje viktige oppgåver i kroppen vår. Det er nødvendig for å transportere vitamina A, D, E og K rundt i kroppen. Feitt spelar òg ei viktig rolle i alle cellemembranane i kroppen. Det er med på å beskytte dei indre organa i kroppen og verkar som ein slags vameisolator. Feitt inneheld essensielle feittsyrer som ein trur kan ha ei positiv effekt på hjartet og immunforsvaret.

Kjelder

Hanne S. Finstad og Jørgen Kolderup: Trigger 10. Naturfag. Oslo 2008

Erik Steineger og Andreas Wahl: Nova 10. Naturfag for ungdomstrinnet. Oslo 2015

 

Øyvind Bønes : «Fett – energi og isolasjon», ndla.no, sist oppdatert 21.12.2018: https://ndla.no/nb/subjects/subject:21/topic:1:183343/topic:1:183319/resource:1:2871 [lesedato 18.9.2019]

Merethe Kvam: «Fett», nhi.no, sist oppdatert 4.9.2019: https://nhi.no/kosthold/ernaring/fett/ [lesedato 18.9.2019]

Norsk Helseinformatikk: «Fett – hva slags fett?», nhi.no, sist oppdatert 22.12.2017: https://nhi.no/kosthold/ernaring/fett-hva-slags-fett/ [lesedato 18.9.2019]

 

Peikarar

Helsenorge.no: «Næringsstoffene i maten», helsenorge.no

NRK Skole: «Er fisk egentlig sunnere enn kjøtt?», nrk.no

Universitetet i Oslo, Institutt for biovitskap: «Fett», mn.uio.no

Først publisert: 04.11.2020
Sist oppdatert: 04.11.2020