Hopp til innhold
X
Innhald

Kalsium

Kalsium er eit grunnstoff som er essensielt for alt liv. Kalsium gjer at vi kan vekse og utvikle oss.

Kalsium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Ca og atomnummer 20. I periodesystemet er det plassert i gruppe 2 og periode 4. Namnet kalsium kjem av latin calx, som tyder 'stein'. Kalsium er også kjent som kalk. I rein tilstand er kalsium eit mjukt metall som liknar sølv. Kalsium er det femte mest vanlege grunnstoffet på jorda og det tredje mest vanlege metallet. I naturen finst det ikkje i rein form, men i mineral som kalsitt og aragonitt, dolomitt og gips. Kalsiumsambindingar utgjer om lag 5 prosent av jordskorpa.

Heilt frå fosterstadiet og heile livet ut, må kroppen få tilført store mengder kalsium. Skjelett og tenner kan ikkje bli danna utan, og ein kan heller ikkje vekse. Personar som får for lite kalsium, kan utvikle beinskjørheit, det vil seie at skjelettet blir svakt. Dersom ein manglar D‑vitamin, er ein òg utsett for kalsiummangel. Vitamin D hjelper kroppen med å ta opp kalsium. Mangel på kalsium kan forstyrre hjarterymten, gi krampar i musklane og gjere at det utviklar seg grå stær. Kalsium kan ein tilføre kroppen gjennom kosthaldet. Mat som er rik på kalsium, er mellom anna jogurt, ost, fisk, grøne grønsaker, mandlar og mjølk.

Glas med melk. Foto Devanath, pixabay.com. fri bruk.jpg?w=600

Eit glas mjølk er rikt på kalsium. Foto: Devanath, pixabay.com. Fri bruk.

Kalsium er det viktigaste metallet i kroppen vår. Det er om lag 1,2 kg kalsium i kroppen, der 1190 g finst i tennene og skjelettet. Skjelettet i mange organismar både i havet og på land er danna av kalsium. Kalsium er nødvendig for muskelkontraksjon, celledeling, regulering av hormon og for å stabilisere pH‑verdien i blodet. Det meste av kalkførekomstane i naturen finst i havet, i plankton med kalkskal.

Ein finn kalsium i avleiringar som stammar frå skalet til organismar som i 500 millionar år har brukt Ca‑ion i vatn til å byggje seg eit vernande skal. Ein kan seie at kalsium har sitt eige krinsløp i naturen, sidan det går frå land til sediment i havet og tilbake til land ved ei kontinuerleg heving av jordskorpa. Ein går ut frå at om lag 500 millionar tonn kalsium i året sirkulerer på denne måten. 

På 1800-talet blei det brukt mykje kalklys, ein sylinder av brent kalk som gir eit intenst lys når det blir oppvarma av ein gassflamme. På den tida var dette den sterkaste lyskjelda ein hadde. Det var først meint som eit hjelpemiddel for landmålarar, som måler opp og markerer grenser i terrenget. Kalklyset blei også eit populært hjelpemiddel i teaterverda. Det gjorde at ein kunne setje eit sterkt lys på bestemte skodespelarar på scenen, det blei altså eit dramaturgisk verkemiddel.

Kalsium blir brukt i sement og betong. Det blir produsert om lag 120 millionar tonn kalsiumoksid (CaO) i året. I Brevik i Telemark blir det produsert sement, og det ligg eit kalksteinsbrot i nærleiken. Kalsium blir nytta til legeringar med aluminium, beryllium, kopar og magnesium. Legering vil seie ein blanding av fleire grunnstoff, der minst eitt av dei er metall. 

Kjelder

Lars Thomas Bruun: «Kalsium: Essentielt for livet», illvit.no, publisert 14.12.2014: https://illvit.no/fysikk/det-periodiske-systemet/det-periodiske-system-kalsium [lesedato 12.3.2019]

Norsk helseinformatikk: «For lavt kalsium, veiviser», nhi.no, sist oppdatert 30.11.2016: https://nhi.no/symptomer/hormoner-og-naring/for-lav-kalsium-veiviser/ [lesedato 15.4.2019]

Norsk helseinformatikk: «For høy kalsium, veiviser», nhi.no, sist oppdatert 10.7.2018: https://nhi.no/symptomer/hormoner-og-naring/for-hoy-kalsium-veiviser/ [lesedato 15.4.2019]

Universitetet i Oslo: «Periodesystemet. Ca, Kalsium», uio.no: https://www.periodesystemet.no/grunnstoffer/kalsium/index.html [lesedato 15.4.2019]

Peikarar

Terese Glemminge Arnesen: «Hvor mye kalsium trenger jeg?», melk.no https://www.melk.no/Kosthold-og-helse/Kalsium/Hvor-mye-kalsium-trenger-jeg

Norcem: «Norcem Brevik» (sementfabrikk), norcem.no https://www.norcem.no/no/Brevik

John-Erik Sivertsen: «Kalkstein og steinsalt», ndla.no https://ndla.no/subjects/subject:6/topic:1:182849/topic:1:175043/resource:1:175401

Først publisert: 13.11.2019
Sist oppdatert: 18.11.2019