Hopp til innhold
X
Innhald

Nitrogen

Nitrogen er eit grunnstoff, og det er hovudkomponenten i luft. Alle levande organismar er avhengige av nitrogensambindingar.

Grunnstoffet nitrogen har det kjemiske symbolet N og atomnummer 7. I periodesystemet er nitrogen plassert i gruppe 15 og periode 2. Nitrogen har 7 elektron og nøytron i kjernen. Det er 7 elektron som svirrar rundt kjernen, fordelte på to skal. Alle atom har plass til 8 elektron i skal nummer to. Nitrogen bruker berre fem av desse plassane, så då er det tre ledige plassar, noko som gjer at nitrogen kan inngå kjemiske sambindingar med andre atom. Gassen N2 reagerer ikkje så lett med andre stoff og fungerer som ein god fortynnar av oksygen i atmosfæren. I atmosfæren er det 78 prosent nitrogen, medan det i jordskorpa finst lite nitrogen.

Nitrogen er ein luktfri og fargelaus gass. Når vi pustar inn eit oksygenmolekyl, kjem det inn frie nitrogenmolekyl i tillegg. Utan nitrogen ville ikkje protein eller nukleinsyrer ha eksistert. Nitrogen er viktig for ein rekkje sambindingar som har innverknad på energiomsetninga og funksjonen til nervesystemet vårt. Eit menneske har behov for 4–4,5 kg nitrogen i året. Nitrogen har vanskeleg for å løyse seg i blodet, og dermed forsvinn det ut av lungene når vi pustar ut.

Illustrasjonsfoto av gassrør med nitrogen. Foto: StockSnap, pixabay.com. Fri bruk.

På landjorda treng vi ikkje tenkje så mykje på at vi pustar inn nitrogen. Under havoverflata er det annleis. Av og til kan det gå gale, då kan ein få det som blir kalla dykkarsjuke. Årsaka er at det er høgare trykk under vatn enn over vatn. Når lufttrykket aukar, blir nitrogenet meir løyseleg. Det kan vere farleg, for nitrogenet følgjer blodbanen og kan kome opp til hjernen. Nitrogenet gjer dykkaren forvirra og sløv. Symptoma liknar på dei ein person får når han eller ho er rusa på alkohol. Dykkaren har ei falsk kjensle av at alt er fint, men dømmekrafta er svekt. Dykkaren får også dårlegare kontroll over rørslene sine.

Dykkarsjuka forsvinn når dykkaren kjem opp til overflata att. Men oppstiginga må ikkje gå for fort. Når trykket fell, blir nitrogen som var løyst i blodet, mindre løyseleg, det blir til nitrogengass. Når nitrogenet blir mindre løyseleg, kan ein få nitrogengassbobler i blodet.

Nitrogensambindingar er viktige for plantane, for plantar kan ikkje hente nitrogen frå lufta, men må få det frå jordsmonnet. Det var eit stort framsteg då ein lærte å hente nitrogen ut frå lufta og bruke det til å lage kunstgjødsel. Utan kunstgjødsel hadde ikkje jorda gitt oss så store avlingar som vi får i dag. Menneska står i dag for over halvparten av omsetninga av nitrogen i naturen. Mykje bruk av kunstgjødsel kan føre til at det blir danna lystgass, ei sambinding av nitrogen og oksygen. Lystgass har større negativ verknad for klimaet enn CO2 og bidreg til den globale oppvarminga.

Kjelder

Arnfinn Christensen: «Miljøtrusselen nitrogen», forskning.no, publisert 2.11.2017: https://forskning.no/landbruk-okologi-forurensning/miljotrusselen-nitrogen/1008472 [lesedato 25.2.2019]

Erik Sveberg Dietrichs: «Forskeren forteller: Derfor blir dykkersyke kalt 'the bends'», forskning.no, publisert 25.9.2017: https://forskning.no/forskeren-forteller-menneskekroppen/forskeren-forteller-derfor-blir-dykkersyke-kalt-the-bends/320827 [lesedato 24.2.2019]

Sybille Hildebrandt: «Lystgass kan øke global oppvarming», forskning.no, publisert 4.5.2010: https://forskning.no/klima/2010/04/lystgass-kan-oke-global-oppvarming [lesedato 26.2.2019]

Kjemisk institutt, Universitetet i Oslo: «Periodesystemet. N, Nitrogen», periodesystemet.no: https://www.periodesystemet.no/grunnstoffer/nitrogen/index.html [lesedato 3.4.2019]

Peikarar

Institutt for biovitskap ved UiO: «Nitrogen», mn.uio.no https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/n/nitrogen.html

NRK Newton: «Flytende nitrogen», nrk.no https://www.nrk.no/skole/?mediaId=18871&page=search&q=flytende%20nitrogen

Marius Valle: «Denne bussen går på flytende nitrogen», tu.no https://www.tu.no/artikler/denne-bussen-gar-pa-flytende-nitrogen/394931

Først publisert: 12.11.2019
Sist oppdatert: 18.11.2019