Hopp til innhold
X
Innhald

Kalium

Kalium er eit grunnstoff som er viktig for organiske vekstar. Vi menneske treng kalium for at musklar, nyrer, hjarte og nervar skal fungere.

Grunnstoffet kalium har det kjemiske symbolet K og atomnummer 19. I periodesystemet er det plassert i periode 4 og gruppe 1, alkalimetalla. Kalium i rein form er eit mjukt og sølvkvitt metall. Det reagerer raskt med oksygen og vatn. Grunnstoffet kalium finn vi sjeldan i rein form. Ein oppbevarer kalium i lufttette boksar saman med petroleum (olje). Petroleum støyter vatn frå seg og gjer at kaliumet ikkje reagerer med vatn under oppbevaringa. Skulle kalium likevel kome i kontakt med vatn, vil det frese og ta fyr. Blir kalium liggjande lenge nok under vatn, kan det eksplodere med ein smell.

Det var kjemikaren Humphry Davy som oppdaga grunnstoffet kalium. Med få dagars mellomrom greidde han å isolere metalla kalium og natrium. Det gjorde han ved å bruke ein teknikk som blir kalla elektrolyse. Kalium blei danna av smelta kaliumhydroksid (KOH). Ved å bruke den same metoden klarte han nokre dagar seinare å danne natrium frå smelta kaustisk soda (natriumhydroksid, NaOH). Davy gav kalium namnet potassium, som i dag er det engelske namnet på kalium. Namnet kalium kjem i frå det arabiske ordet al gali, som tyder «planteoske».

Kalium er viktig for plantar og andre organiske vekstar. Plantane treng kalium for at fleire enzym skal kunne verke optimalt. Kalium bidreg til at spalteopningane på undersida av blada kan opne og lukke seg. Spalteopningane syter for at vatn og karbondioksid blir transportert ut og inn av blada. Fordamping av vatn og fotosyntesen er viktige prosessar der kalium er nødvendig. Mangel på kalium gjer at blada krøllar seg, og stengelen blir kort, tynn og svak. Ved mangel på kalium blir korn lettare utsett for ròtesopp. Når plantane manglar kalium, flyttar dei kalium, ved hjelp av silvev, frå eldre delar til yngre delar av planten. Plantane får kalium frå jorda eller ved at ein tilfører kalium som kunstgjødsel.

Kalium har som oppgåve å regulere væskebalansen i kroppen. Natrium- og kaliumion spelar ei rolle i overføringa av nerveimpulsar, og kalium er viktig for pustemekanismane våre. Det er nyrene våre som syter for å regulere kaliuminnhaldet i blodet. For at musklar, nervar, hjarte og nyrer skal fungere, treng kroppen vår å få tilført kalium. Kroppen produserer ikkje kalium sjølv, vi får kalium gjennom maten vi et. Matvarer som er rike på kalium, er nokre kornprodukt, nøtter, frø, kjøt og fisk. Frukt og grønsaker som er særleg rike på kalium, er avokado, melon og banan. Med eit variert og sunt kosthald får vi i oss tilfredsstillande mengder med kalium. Dersom vi har for lite kalium i blodet, kan vi oppleve ei svekking av musklar, forstyrringar i hjartefunksjonen og dårleg konsentrasjon, og vi kan bli irritable. Ved alvorleg mangel kan både nyrer og hjarte svikte.

Kjelder

Eivind Torgersen: Genier, sajrlataner og 50 bøtter med urin. Historien om det periodiske system. Oslo 2018

 

Malene Skui: «Kalium og hjertet», lhl.no, sist oppdatert 19.2.2016: https://www.lhl.no/et-sunnere-liv/ernaring-mat-og-helse/kalium-og-hjertet/ [lesedato 9.4.2019]

Universitetet i Oslo, Institutt for biovitskap: «Kalium», mn.uio.no, sist oppdatert 19.3.2019: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/k/kalium.html [lesedato 6.4.2019]

Universitetet i Oslo, Kjemisk institutt: «Periodesystemet. Kalium», periodesystemet.no: https://www.periodesystemet.no/grunnstoffer/kalium/ [lesedato 9.4.2019]

 

Peikarar

Bjørg E.B. Aurebekk ofl.: «Mineral – byggjesteinar og hjelpestoff i små mengder», ndla.no

BAMA: «Frukt og grønt er rikt på kalium», bama.no

Norsk Helseinformatikk: «Kosthold ved høyt kalium», nhi.no

Først publisert: 24.09.2019
Sist oppdatert: 10.10.2019