Hopp til innhold
X
Innhald

Oksygen

Oksygen er eit grunnstoff. Utan oksygen hadde det verken vore liv, luft eller eld. Og alt levande på jorda er avhengig av oksygen for å leve.

Oksygen trivst godt i sitt eige selskap og dannar gjerne molekyl med seg sjølv. Molekyl er når to eller fleire atom bind seg til kvarandre. Når oksygen bind seg til eit anna oksygenatom, får vi molekylet O2. Dette er ikkje ei kjemisk sambinding, sidan dei to atoma er av same type.

Mange trur at oksygen er det same som luft, men luft er ein blanding av mange ulike gassar. Atmosfæren inneheld hovudsakleg oksygen og nitrogen. Desse to gassane utgjer 99 prosent av alle luftmolekyla. Dei er godt blanda, med om lag 21 prosent oksygen og om lag 78 prosent nitrogen. Resten av lufta, 0,93 prosent, er edelgassen argon og andre edelgassar. Det finst også små mengder av andre gassar, mellom anna karbondioksid (CO2), metan og lystgass.

Grunnstoffet oksygen har det kjemiske symbolet O og atomnummer 8. I periodesystemet er oksygen plassert i periode 2 og gruppe 16. Namnet oksygen kjem av dei greske orda oxy og genes, som tyder «syredannande». Det er ein luktfri og fargelaus gass. Oksygen kan lage kjemiske sambindingar med alle grunnstoff, til og med dei tyngste edelgassane: krypton, xenon og radon.

Oksygen har atomnummer 8, som tyder at det er 8 proton og 8 nøytron i kjernen. Det er 8 elektronar som svirrar rundt kjernen, fordelte på to skal. På alle atom har skalet som er inst, plass til 2 elektron. Det neste skalet kan fyllast opp med 8 elektron. Oksygen brukar berre seks av desse åtte plassane og har difor to ledige plassar i det yste skalet. Det gjer at oksygenet er i stand til å binde seg til andre atom.

Flammen på eit bål eller eit lys kan ikkje brenne utan at det er oksygen til stades. Di meir konsentrasjonen av oksygen i lufta aukar, di lettare vil noko brenne. Dersom innhaldet av oksygen i lufta stig til 25 prosent, vil alt anna ta fyr når ein tenner på ei fyrstikk.

Kroppen vår får oksygen når vi pustar inn luft og denne lufta blir teken opp i blodet. Oksygenet blir frakta vidare med blodet og ut til alle cellene i kroppen. Oksygen har ei sentral rolle i forbrenninga av maten vi et, og denne forbrenninga går føre seg i cellene. Oksygen er livsnødvendig for alle cellene i kroppen.

 

Kjelder

Hanne Finstad og Jørgen Kolderup: Trigger 9. Naturfag. Oslo 2007

 

Lars Thomas og Anders Bruun: «Oksygen: Livets grunnstoff», illvit.no, publisert 5.12.2014: https://illvit.no/fysikk/det-periodiske-systemet/det-periodiske-system-oksygen [lesedato 3.9.2018]

Norsk Helseinformatikk: «Oksygentransporten», nhi.no, oppdatert 3.4.2017: https://nhi.no/kroppen-var/funksjoner/oksygentransporten/ [lesedato 7.8.2018]

Bjørn Pedersen: «oksygen», snl.no, oppdatert 15.11.2018: https://snl.no/oksygen [lesedato 28.11.2018]

Halvor Aarnes: «Hvorfra kommer oksygenet i atmosfæren?», uio.no, oppdatert 23.6.2016: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/biolab/oksygen.html [lesedato 3.9.2018]

 

Peikarar

Norsk Helseinformasjon: «Sirkulasjonen», nhi.no

Arvid Mostad: «Oksygen», Kjemisk institutt, Universitetet i Oslo, mn.uio.no

«Oksygenet blir skapt, men hvordan?», illvit.no

Først publisert: 28.03.2019
Sist oppdatert: 10.10.2019