Innhald
Bernhard Riemann
Bernhard Riemann, 1826–66, tysk matematikar og professor i Göttingen frå 1859. Riemann var ein av dei matematikarane som hadde mest å seie på 1800-talet. Han har sett spor etter seg så vel i geometri som i tal- og funksjonsteori.
Han utvikla den såkalla ikkje-euklidske geometrien og skapte den greina som kom til å få mykje å seie for den generelle relativitetsteorien. Han gav ut grunnleggjande arbeid om primtalfordelinga.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012