Hopp til innhold
X
Innhald

Caspar Wessel

Caspar Wessel, 1745–1818, bror til Johan Herman Wessel, landmålar og matematikar. Avhandlinga hans Om directionens analytiske betegning (1799) inneheldt ei fullstendig utgreiing om den geometriske tolkinga av imaginære og komplekse tal, men var upåakta i nesten hundre år. Wessel var den første som gav ei geometrisk tolking av dei komplekse tala, men sidan avhandlinga var skriven på dansk, vart ikkje arbeidet lagt merke til av matematikarane i samtida. Resultatet vart seinare funne uavhengig av Argand og Gauss.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012