Hopp til innhold
X
Innhald

Charles Hermite

Charles Hermite, 1822–1901, fransk matematikar. Han var den første som løyste femtegradslikningar med hjelp frå elliptiske funksjonar. Han er mest kjend for å ha prova (1873) at talet e, grunntalet i det naturlege logaritmesystemet, er eit transcendent tal. At e er irrasjonalt, hadde alt Leonhard Euler prova. Transcendentprovet til Hermite sette Lindemann (1882) i stand til å prove at π òg er transcendent.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 15.04.2013