Hopp til innhold
X
Innhald

(Julius Wilhelm) Richard Dedekind

(Julius Wilhelm) Richard Dedekind, 1831–1916, tysk matematikar, kjend for studiane av talsystemet og innføringa av det dedekindske snittet, som går ut på å definere dei irrasjonale tala med å dele dei rasjonelle tala i to klasser, der alle tala i den øvre er større enn tala i den nedre klassa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012